okt 202018
 

Christian Mikkelsen puttar 1–1 i duell med Carl Dushantha Nygård Nese, som òg laga sjølvmål og 2–1 til AIK seinare i kampen.

Austevollherrane leverte rikeleg med sjansar i sesongens siste kamp på Eidsbøen. Trass i at dei låg under 0–1, klarte dei å snu kampen hjelpte av ein tidvis livleg Christian Mikkelsen, som utlikna. Andreomgangen var AIK, og gjennom sjølvmål og eit fint skot av Steffen André Skår var det brått 3-1 til dei oransje. To raude kort og ei redusering seinare ebba kampen ut med 3-2 til AIK, men fru Fortuna som AIK var heilt og fullt prisgjeven for å ha noko håp om vidare eksistens i divisjonen, spelte ikkje i oransje i dag.