okt 242018
 

Fylkesrådmannen føreslår ikkje kutt i ferjerutene frå nyttår.

Hordaland fylkeskommune gjer ingen endringar i ruteproduksjonen til ferjene i fylket i 2019, med eitt unnatak i indre strøk, trass i at fylkesrådmannen understrekar at kostnadane med det nye anbodet er særs høge. Det er fyrst i 2020 at effektane slår inn for fullt.

Budsjettforslaget frå fylkesordføraren vart lagt fram i dag, og det står att politisk handsaming.