okt 282018
 

Martina Sandbo fekk pokalen for det mest forseggjorte graskaret (nummer 11 i bakgrunnen). Her får ho overlevert pokal av journalist May Linn Clement i Marsteinen.

Folket har talt, ete suppe og muffins. Blant eit sneis graskar, vart Cassandra Andersen Sandbo stemt fram som vinnar. Og det største garskaret? Det kom frå Stolmen.

102 stemmer på best-in-show-graskaret då Marsteinen feira hausten og 40 år med lokalavis i ettermiddag. Flest stemmer fekk Cassandra Andersen Sandbo, og premien vart henta av dottera Martina etter at rett så mange hadde vore innom og forsynt seg av muffins og graskarsuppe.

Siv (62 kilo) og Aksel Njåstad (ikkje fullt så tung) på haustfesten i dag.

Det aller største graskaret i sjølve konkurransen vart levert av familien Sekkingstad frå Stolmen. Dei får sjølvsagt henta velfortent pokal, etter lang og intens dyrking i hagen på Stangeland. Show med hotellovernatting i Bergen for to personar får dei òg, takka vera 62 kilo tunge Siv.

Odd Gunnar Sørvik og Susann Sekkingstad med vinnarkaret i konkurransen vår. Det vog massive 62 kilo.