nov 092018
 

Mons-Ove Hauge, Rita Drønen, Hege Lauvik og Bergitte Tveit Haugland poengterer at dei lokale julebutikkane må brukast. Det kan òg lønna seg, med premiar som skal tekkjast vesle julaftan.

 

I år som i fjor spelar Austevoll næringsråd og den lokale handelstanden på lag for å stimulera til ekstra lokal julehandel. Det gjer dei med å gjenta fjorårets gåvekampanje. Kampanjen er no i gang.

 

Med premiar frå mange lokale butikkar og verksemder, vonar Austevoll næringsråd å motivera endå fleire til å handla lokalt. Får du ti julegåver signerte ut på kortet du kan henta i deltakarbutikkane er du med på leiken, og kan får smake den søte julesteiken.

– Julehandelen er særs viktig for oss, stadfestar Rita Drønen på leikebutikken i Bekkjarvik og Bergitte Tveit Haugland på Dryss. Det kan ofte vera ganske seige månadar både før og etter julehandlen for mange av spesialbutikkane i Austevoll.

– Det er kanskje ikkje slik at det er handelslekkasjen til fastlandet som er den største konkurrenten lenger, men handel via verdsveven, seier leiar i næringsrådet Hege Lauvik til lokalavisa.

Etter planen skal kampanjen avsluttast veslejuleaftan, då det vert innsamling av kort og trekking av premiar.

– Kampanjen vert mykje lik som i fjor, men med litt stramare regi, lovar Mons-Ove Hauge, nestleiar i rådet.