nov 112018
 

Vidar Mjåtvedt, Kenneth Sele og Øyvind Bruntveit like ved staden bilen køyrte av vegen.

Køyreturen enda godt på sida av vegen for ein mann som i ettermiddag køyrte i ruspåverka tilstand på Storebø. Mannen var åleine i bilen, og kom seg heil frå ulukka. Ingen andre personar kom til skade.
– Det som er av skadeomfang, er på bilen, sa politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt til Marsteinen. Med hensyn til etterforskinga, ville han ikkje seia noko om kor langt føraren hadde køyrt bilen før han hamna litt utpå eit jorde ved Vollen på Storebø.
Ulukka hende innanfor rekkverket mot hovudvegen. Politi, lege og brann- og redningstenesta var på staden kort tid etter meldinga kom.

Lege gjorde kontroll av mannen i denne ambulansen då Marsteinen kom til staden. Politiet var med.