nov 122018
 

Politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt minner om kameratredning i julebordsesongen. – Stopp folk i tide, og bruk vitet. (Tekst og foto: May Linn Clement)

– Eg håpar ikkje dette er starten på julebordsesongen i Austevoll. Då er eg bekymra, seier politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt om helga som nett er over.

Ein person vart meld for trugslar og forsøk på vald mot offentleg tenestemann. Ein privatfest med mindreårige sklei ut av kontroll. Ei kvinne vart funnen i ei grøft nattetid, og ein mann skada bilen etter eit trafikkuhell på dagtid. Store mengder alkohol er ein raud tråd i hendingane politiet rykte ut til fredag, laurdag og sundag.

Les heile saka i Marsteinen på torsdag.