nov 152018
 

Du kan vera ganske sikker på at bileta til Carolin Engel er knipsa med stil!

Av og til føler eg at motiva berre ligg og ventar på meg, seier Carolin Engel. Det er tolv månader med godt vêr i den nye fotokalenderen hennar. Alle motiv er frå Austevoll.

Frå Stolmen i sør til Storekalsøy i nord – Carolin elskar å gå turar med spegelrefleksen sin, og har samla tolv favorittar i 2019-kalenderen.
– Eg gjorde det for fyrste gong i fjor, med god respons, seier ho. Då bestile ho femti eksemplar, og selde alle. I år byrja ho med 25, men skal bestilla fleire.

Sjekk ut fotoa hennar i avisa i dag.