nov 152018
 

Ringer du Marsteinen, er stor sjanse for å helsa på Stanka Stepanov. 33-åringen frå Montenegro lagar annonsane til lokalavisa det komande året.

 

Stanka Stepanov (33) er ny marknadsmedarbeidar i Marsteinen. Ho er vikar for Malin Økland, som nyleg gjekk ut i permisjon.

 

Som du kanskje gissar, er ikkje Stanka norsk. Ho kjem frå Montenegro, og kom fyrst til Noreg og Austevoll for to år sidan. Med seg hadde ho ei bachelorgrad i journalistikk og mastergrad i kommunikasjon, begge frå Serbia, men godkjente i Noreg.

– Dei siste seks åra er det stort sett digital marknadsføring eg har arbeidd med. Mellom anna arbeidde eg med dette på Media City Bergen før eg fekk stillinga i Marsteinen.

Stanka bur på Eidsbøen saman med mannen sin, som arbeider på po-senteret. At ho kan spasera til og frå kontoret, synest ho er ei gode.

 

Lærte språket fort

Trass i at ho berre har to norske år på nakken, snakkar Stanka godt norsk.

– Det var viktig for meg å læra språket fort. Eg har flittig brukt biblioteket, der har eg lese og lært mykje frå barnebøker og filmar, seier ho.

Forutan morsmålet og norsk, meistrar Stanka serbokroatisk, spansk og engelsk.

Etter ein månad i gangane, slår ho fast at Marsteinen er ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaar og eit bra arbeidsmiljø.

– Marsteinen har vore her i 40 år, og er ei etablert merkevare for Austevoll. Det er ei ære for meg å få arbeida her.

 

Av May Linn Clement