nov 162018
 

Rådmann Bjarte Madsen sitt fyrste budsjett er lagt fram. No er budsjettet på politikarane sine bord, fram til vedtak i kommunestyret torsdag 13. desember.

 

Rådmannens budsjett legg slett ikkje opp til nokon dramatiske kutt for 2019. Drifta vert videreført på dagens nivå jamt over, men det vert samstundes poengtert at lånegjelda til Austevoll kommune ved kommande årsskiftet er 126 prosent av dei budsjetterte inntektene for året. Landssnittet er på om lag 80 prosent. I 2019 når lånegjelda til kommunen 560 millionar kroner. Rådmannen ser det å redusera gjelda som særleg viktig i åra som kjem,

2019-budsjettet er på totalt 442 254 000 kroner. Det vil seia dryge 85 000 kroner per austevolling.

Rådmannen legg opp til investeringar på ungdomsskulen (41 800 000 i 2019 og 8 788 410 i 2020), ei årleg kostnad på 1,5 millionar på asfaltering i budsjettperioden (2019-22) og ei oppgradering av Bekkjarvik bufellesskap og Birgittunet på to millionar kroner. Totalramma for investeringar neste år er lagt til 64 940 000 kroner.

Austevollbadet vert nemnt særleg i budsjettet. 1 2019 får ein heilårseffekt av dei nye stillingane ved folkebadet, men samstundes er utgifter til oppvarming av bassenga på Eidsbøen og Trolandshamar fasa heilt ut etter at desse vart lagde ned. Nettoutgiftene til badet er beskjedne, heiter det i budsjettet.

Kommuneadministrasjonen sin leiar skriv òg i framlegget sitt at Austevoll har ei plassering i kommunebarometer dei slett ikkje er nøgde med. Noko kan løysast ved å syta for riktig rapportering, god organisering og effektiv driv, står det å lesa i framlegget.

Kommunebudsjettet skal bro til politisk handsaming fram til kommunestyret medio desember.