nov 162018
 

 

Austevoll kommune ser for seg fleire moglege tiltak dersom det vert lock-out i konflikten mellom NHO og Norsk sjukepleiarforbund. Arkivfoto.

 

Austevoll kommune uker seg klar dersom det blir lock-out i konflikten mellom NHO og Norsk sjukepleiarforbund, slik det vart varsla torsdag. I fylgje Verdens Gang oppmodar forbundet til sjukepleiarane om å gå på jobb tysdag, ettersom dei ikkje meiner varslet er gyldig. Blir det lock-out vil han tre i kraft tysdagsmorgonen.

Tiltaket frå NHO vil stengja 25 sjukepleiar ute frå arbeid.

Rådmann Bjarte Madsen opplyser at Aleris omsorg har sendt skriv til Fylkesmannen i Hordaland i dag fredag, der dei gjer greie for korleis situasjonen vil verta i pleie- og omsorgsektoren i Austevoll utan sjukepleiarar på jobb i Aleris-systemet.

– Detter reknar eg med vet videresendt til departementet, seier Bjarte Madsen. Implisitt kan dette føra med seg ein reaksjon frå styresmaktene.

Vidare ser Madsen for seg tre scenario. Det eine er at kommunen kan sølja om dispensasjon frå streiken, ein kan alternativt setja i kraft regionale beredskapsplaner, eller i ytste konsekvens bruka naudretten ved å senda eige personell inn på pleie- og omsorgssenteret.

– Dette vil vera klart i gråsona i arbeidsrettsamanheng, men omsynet vårt er til bebuarane på pleie- og omsorgssenteret og mottakarane av heimetenester, seier Madsen til Marsteinen.