nov 202018
 

Det vert tvungen lønnsnemd i sjukepleiarkonflikten, melder VG. Ved Aleris-senteret i Austevoll og heimesjukepleia vert det dermed vanleg drift i morgon.

Det vert ingen lockout i konflikten mellom Norsk sjukepleiarforbund og NHO. Regjeringa grip inn med såkalla tvingen lønnsnemd, melder VG. I ettermiddag klokka 17 skulle Aleris i Austevoll informera pårørande om korleis konsernet og kommunen i samarbeid skulle løysa utfordringane knytt til lockouten.

– Eg har nett informert dei tilsette om at det ikkje vert lockout, og tek deretter kontakt med kommunen, seier dagleg leiar Iren Storebø Melingen til Marsteinen like etter at det vart kjent at regjeringa grip inn i konflikta mellom NHO og Norsk sjukepleiarforbund. Melingen legg til at grepet med tvungen lønsnemd ikkje er offisiell før seinare klokka 15:45 i ettermiddag.

Rådmann Bjarte Madsen hadde tidlegare på dagen adressert konflikten med eit skriv til NHO Service.

–  Arbeidskampen får no direkte verknad for vårt ansvarsområde. Dette medfører at det er strid mellom dei omsyn Arbeidstvistlova er meint å vareta, og det ansvar og tenester Helsetenestelova legg på oss som kommune. Ein ber om forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for Austevoll kommune. I ein slik situasjon vil me prioritera omsynet til våre pasientar og pleietrengande. Dette medfører at rådmannen har beordra legetenesta i kommunen til å innretta seg slik at det til ei kvar tid er disponibelt lege- og sjukepleieressursar frå vår organisasjon som vil supplera og arbeida for forsvarlege tenester til alle våre bebuarar på Austevoll PO-senter og våre brukarar av heimetenester. Det kan sikkert vera ulike syn på om dette er intervenering i ein arbeidskamp, for Austevoll kommune handlar det om å ta på alvor det ansvar me har etter Helsetenestelova på ein mest mogeleg skånsom og forsvarleg måte for våre pasientar og brukarar, skreiv Madsen til arbeidsgjevarorganisasjonen.

Dette skriv VG om slutten på konflikten.