nov 222018
 

Sjur Eide har fleire kundar på dekkhotellet sitt som framleis ikkje har bytta til vinterdekk. På høg tid, seier han.

Kulda har brått sett preg på vegane våre. Har du ikkje vinterdekk bør du la bilen stå i ro, meiner bilbergarane i Austevoll.

– Det er fleire som ikkje har skifta til vinterdekk enno. Me har mange bilistar som har dekkhotell hos oss, men som framleis har sommarhjula på, seier bilbergar og driftar av Austevoll Auto, Sjur Eide. Han minner om at fristen for å bytta til vinterdekk var 1. november og at alle som trass i det vel å køyra med sommerhjul, kan risikera å få bot om dei vert stogga i ein kontroll.

Seink farten
Me går inn i ein høgsesong for bilulukker.

– Når det er frost på vegane og snøen kjem må me rykkja ut ofte, seier Eide. Han vonar at alle tek førehandsreglane sine og seinkar farten etter forholda.

Bilbergar og dagleg leiar på Huftarøy Auto, Ståle Hevrøy, er einig.
– Det er fleire område ein bør vera ekstra forsiktig. Stadar som går igjen er Otterå, Åno og skytebanen ved Naustheller, her må ein halda særleg låg fart, seier Hevrøy.

Vegen i Otterå er blant plassane du bør køyra ekstra forsiktig når det er frost ute, meiner bilbergarane.

Lys i dashbordet
Ståle Hevrøy fortel at fleire har fått ein større tryggleik på vegane med nyare bilar og teknologi – og det med god grunn.

– Men lyser varsellampene for til dømes ESP og ABS må ein få tatt ein sjekk på bilen. Når bilen fyrst mistar grepet går det fort, seier Hevrøy.

Dei to bilbergarane oppmodar alle til å ikkje stressa og respektera vêret før dei legg ut på tur.

Ståle Hevrøy seier det er viktig at du leverer bilen til sjekk dersom ABS- og ESP lysa dukkar opp i dashbordet.

Av: Severin Tøkje