nov 222018
 

NHO og Aleris ville stengja sjukepleiarane sine ute frå jobben, og tvinga dermed fram tvungen lønnsnemd. Det er ei lissepasning til motstandarane av konkurranseutsetting, meiner Marsteinen i vekas leiar.

Det gjekk nærast som venta til tvungen lønsemd då arbeidsgjevarsida ved NHO drog fram lockout-kortet. Lokalt såg me dei store konsekvensane ein slik streik kunne gjeve, eit omsorgssenter der kommunelegane måtte gått inn og sytt for faglegheita når Aleris stengde dørene. Lokalt kjem òg diskusjonen om konkurranseutsetting av heile pleie- og omsorgssektoren. Her har NHO nettopp sendt ein lissepasning til motstandarane av ein slik ny runde. NHO brukte medvite strategien for å tvinga fram ei lønsnemd, sjølv om sjukepleiarforbundet sin streik var på eit lågt nivå, og som ikkje kunne seiast å setja liv og helse i fare. Eit etablert anbod gjev lite slingringsmonn til lønsjusteringar undervegs i anboda. Likevel vert det spesielt at konsern som Aleris sender store verdiar ut av landet i utbytte til eigarane sine, samstundes som dei som spring stadig fortare for pasientar og bebuarar, vert lønstaparar. Når Aleris vert Ambea vil desse pengane i fylgje Fagbladet gå til dei amerikanske milliardærane Henry Kravis og George Roberts, gjennom oppkjøpsfonda KKR og Triton. Dette er område som den lokale debatten òg fortener å ta opp i seg når NHO med viten og vilje tek frå privattilsette sjukepleiarar streikeretten.