nov 272018
 

Butikksjef Vegard Horseng ser ei stor auke i handel på nett.

På Extra Storebø er både inngangen og hjørnet til post i butikk fylt opp av pakker i alle storleikar.

– Folk må koma å henta pakkane sine med ein gong. Visst ikkje går ikkje dette, seier butikksjef Vegard Horseng.
Han estimerer at dei får om lag 500 pakker kvar dag frå no og fram til jul.
–  Det er så mange tilbodsdagar på denne tida av året, alt i frå Black Friday til Cyber Monday og julehandel, seier han.

Stor auke
Vegard legg òg til at posten kjem med si leveranse fyrst, og så kjem postnord med pakkane sine litt seinare på dagen.

– Då vert det kaos om folk ikkje hentar leveransen sin, seier han. Dei tilsette ser ei særs stor auke i bruken av netthandel, og i fylgje statistikk frå fyrste termin i 2018 stemmer dette. Fyrste del av året auka nemleg netthandelen med 5,6 prosent, samanlikna med same periode i 2017, viser ein rapport frå Statistisk sentralbyrå.

– Men det kjem nok berre til å auka og auka. Det er utan tvil mange fleire pakker i år. Utviklinga me ser er at fleire kjøper større pakker, som TV og anna elektronikk. Eg vonar at folk kjem så fort meldinga om leveransen er motteke tikkar inn på mobilen, avsluttar han.

 

 

Av: Severin Tøkje