nov 272018
 

Ed Maskin vart redninga i naud for denne traileren.

Ein trailer køyrde seg fast i svingane like etter Vik senter i ettermiddag.

Politiet var på staden for å dirigera trafikken, men det var ingen personskadar.

Nokre av bussane til Skyss måtte snu og køyra over Eido. Ruta elevane ved Selbjørn skule tek heim til vanleg vart kansellert.

– Elevane vart teke inn på skulen att, men no som traileren er laus, drog dei fleste med bussen som gjekk 14:15 frå skulen, seier Harald Otterå i Tide

– Dette er ikkje ei sak for politiet, her har nokon berre vore litt uheldig, sa politiet til Marsteinen på staden.

Trafikken flyt som normalt igjen.

 

Severin Tøkje