nov 292018
 

Ole Troland meiner ein må Vera på ballen og krevja kysten sin rett. Arkivfoto: May Linn Clement.

Kan Austevoll og andre oppdrettskommunar mista kjærkomne inntekter frå oppdrettsfondet? Ja, meiner oppdrettar Ole Troland og ser for seg at Oslo kan riva til seg millionar frå oppdretten.

Nær 38 millionar kroner frå auksjon av oppdrettskonsesjonar dumpa in på kontoen til Austevoll kommune i år. No vurderer eit regjeringsnedsett utval framtida til fondet, og om kommunane sine inntekter skal inngå i det regulære inntektssystemet til kommunane.

– Regjeringa med finansdepartementet i brodden, ynskjer at pengane frå havbruksnærings skal fordelast flatt over heile landet, hevdar oppdrettar Ole Troland og viser til at Oslo som er heilt utan havbruk brått kan enda opp med 350 millionar i årlege overføringar, medan oppdrettsfylket Hordaland kan komma til å få 272 millionar, eit tap på 130 millionar årleg.

Utvalet har frist til 1. november neste år for å komma med innstilliga si, og medan hovudmandatet er å vurdera om nærings skal skatteleggjast med ein såkalla grunnrenteskatt eller ei produksjonsavgift, skal dei òg vurdera nettopp korleis inntektene frå desse skattane skal fordelast mellom kommunar, fylkeskommunar og stat. Det vert òg presisert at inntektene skal vera føreseielege.

Les heile saka i avisa i dag.