nov 292018
 

Gamlekarane i kyst- og sonelaget gjev ei hand til museumsarbeidet i Hengjo.

 

I Hengjo er kystlaget i full gang med å gjera i stand kystmuseet som skal ta deg tilbake til tidleg 1800-talet.

Seks menn, minst like mange båtar og eit stort pågangsmot er i desse dagar å observera i Hengjo.

– Dette er pensjonistgjengen, me gjer så mykje som me har lov til i forhold til å få innvilga eventuelle midlar som det skal søkjast om. Å få på plass eit kystmuseum er eit dyrt prosjekt, så her gjeld det å ha tunga beint i munnen, seier Thomas Johnson, leiar i Austevoll kyst- og sogelag.

Arbeidet les du meir om i Marsteinen denne veka.