des 062018
 

Roger Johansen held på med årets siste adventsstjerne etter den store pågangen.

 

På garasjen til Roger Johansen har loftstova vike for hobbyverksemda hans Snekkerbui. Det angrar han ikkje på i dag.

 

Det er eit år sidan Roger Johansen hadde stand på julemessa for fyrste gong. Med lampar, møblar og øl- og vinkassar vart han raskt populær blant austevollingane. I alle fall etter salet å dømma. På årets messe gjekk det slett ikkje verre, og når Marsteinen vitjar han på garasjeloftet gjer han ferdig den siste bestillinga si etter husflidsmessa.

– Det har vore heilt vilt. Stor pågang, men det er kjempekjekt, smiler Roger medan han festar den siste led-lista med lys på ei adventsstjerne han har laga til kona.

– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å selja desse på julemessa, men natta før heiv eg saman noko, seier han. Akkurat dét var ikkje det dummaste han kunne gjera, for heile 13 austevollingar likte stjernene så godt at dei valte å tinga ei sjølv.

Saka les du i heilskap i Marsteinen i dag.