des 072018
 

Avisa tek lenger tid å komma ut til abonnentane fordi det elles er mykje post på veg ut til folk. Illustrasjonsfoto.

Marsteinen vert køyrt rundt saman med den andre posten til abonnentane i Austevoll. Dei siste to vekene har mange ringd inn og meldt at dei ikkje har fått avisa – når saka er ar dei har sjekka postkassene før posten har kome fram.

– No i desember seier me at kundane ikkje treng sjekka kassene sine før klokka 15, seier Eldbjørg Hatlevik i Posten til Marsteinen. Ho forsikrar at boda gjer så godt dei kan, men at mengda med julepost gjer at det tek mykje meir tid å få han ut til alle.