des 072018
 

Reiarlaget Haugagut er seld til Sigurd Teige.

 

Gjennom rederiet Teigebris AS og Investeringsselskapet Sansibar AS har herøyreder, Sigurd Teige, inngått avtale med Drønen Havfiske om overtaking av selskapet Haugagut As. Selskapet eig ringnotsnurparen MS «Haugagut», og oppkjøpet omfatter òg kvotene, heiter det i er pressemelding.

 

MS « Haugagut» vil etter overtakinga den 18. desember få navnet MS «Leikvin». Dette namnet har òg tidligere vore i bruk i Teige-reiarlaget. Teigebris AS eig frå før fartøyet «Sjøbris» som også innehar ringnot- og kolmulesesjon. Inntil vidare er det planen å drifta fartøya slik som dei er i dag. MS «Sjøbris» vil driftes fra Herøy, mens MS «Leikvin» vil driftast frå Austevoll ettersom mannskapet kjem frå øyane..

Ringnotsnurparen Haugagut er eit av dei nyaste fartøya i den norske fiskeflåten, og blei overlevert fra Karstensen Skipsverft til Drønen Havfiske i 2015.
Drønen Havfiske AS seier at salget har vore planlagt sidan i sommer, og at det har vore stor interesse for kjøp av fartøyet.  Salet er et ledd i gjennomføring av endringar i sa,band med foreståande generasjonsskifte i reiarlaget.  Selskapet er godt nøgde med at fartøyet har fått ein ny eigar som legg opp til å driva båten vidare ut frå Austevoll, og utan at arbeidsplassar går tapt, kjem det fram frå same pressemeldinga.