des 122018
 

Vidar Mjåtvedt og kollega Svein Storebø åtvarar om manglar ved lysa på bilane. Det kan bli dyrt om du ikkje har utstyret på stell.

Som bilførar må du sjekka at billysa dine fungerer etter forskrifta. Lensmannskontoret meiner det køyrer for mange bilar med manglar på lys på vegane våre, og forventar samstundes at bilistar har det på stell.

Trafikkansvarleg Svein Storebø ved Austevoll lensmannskontor understrekar at det er alt for mange køyretøy på vegane som har feil ved lysa sine. Ei lykt kan vera heilt sløkt og det kan vera redusert effekt etter at houvdpæra er gått. Dette kan føra til trafikkfarlege situasjonar.

– Me har ingen å mista, og defekt lys må ordnast straks. Sløvheit ser me ikkje gjennom fingrane med. Trafikktryggleiken er viktigast, seier Svein Storebø. Han forstår at einskilde bilar kan vera utfordrande å skifta pærer sjølv, men samstundes er det kjent at lokale bilverkstadar i hovudsak opererer med drop-in-hjelp for skifte av lys.

– Me har ei klar forventning om at lysa er på stell. Viss dei ikkje er det, kan det føra med seg eit forenkla førelegg på 2 600 kroner.

Lensmannskontorets trafikkansvarlege legg til at dei sjølvsagt nyttar skjøn når dei er ute og møter trafikantar, men at både mangellappar og førelegg kan verta meir brukte i tida som kjem for å førebyggja det potensielt farlege manglande lyset.

– Når du set deg inn i ein bil, skal du vera sikker på at køyretøyet er i stand etter forskriftene. Er dei ikkje det, kan det straffast.Hugs òg at grøfte- og tåkelys berre kan brukast når tilhøva tillét det.

 

Ver synleg

Det er slett ikkje berre dei køyrande det er krav til langs vegane. For fortgjengarar gjeld det å vera synleg. Hugs for all del refleksen eller helst refleksvesten når du skal ut på tur. Å bli sett er like viktig som å sjå i trafikken.

– For vestar og plagg med påsydd refleks, det det ofte slik at dei mistar effekten etter ei tids bruk. Då må refleksen erstattast, minner Storebø og kollega Vidar Mjåtvedt om.

For syklar i mørket er det påbod om lys. Manglar dette, kan det resultera i ei bot på 1 200 kroner. Duoen frå lensmannskontoret oppmodar særleg foreldre til å sjekka at ungdommane eller barna i familien har syklar som skal ut i mørket har lys som fungerer. Sjølvsagt må vaksne sine tohjulingar òg ha skikkeleg lys både framme og bak når ein skal ut i trafikken.

Lysbruk og synlegheit gjeld sjølvsagt for alle stadar i kommunen, men mange stadar der gang- og sykkelsti manglar, eller det er ei vegskulder som ikkje er opphøgd, må trafikantar vera særleg medvitne på kvarandre.

 

av Trond Hagenes