des 132018
 

Kommunen trekkjer attende anbodsgrunnlaget for brukarstyrt personleg assistent.

Det som skulle vore hovudoppslag i lokalavisa denne veka var Austevoll kommune sitt anbodsgrunnlag på såkalla Brukarstyrt personleg assistent, BPA. Her hadde kommunen skrive at brukarane i hovudsak ikkje kunna nytta BPA utanfor kommunen. Dette reagerte mellom andre stortings- og kommunestyrerepresentant Helge André Njåstad (Frp) på, og karakteriserte det heile som å gjera øyane om til eit fengsel for dei det gjeld.

Like før deadline i går vart det kjent at rådmannen trekkjer attende anbodet. I ein e-post til lokalavisa skriv rådmann Bjarte Madsen at dei trekkjer anbodet fordi … kommunen er gjort merksam på feil og manglar i tilbodsgrunnlaget som me vil korrigera. Det vil bli opplyst at anbodet vil bli utlyst på ny når naudsynte korrigeringar er gjort. Fristen for innlevering av tilbod er ikkje gått ut, og ansvar for negativ kontraktsinteresse er såleis lite pårekneleg. Saka vil bli sendt til handsaming i råda og tenesteutvalet før den blir utlyst på ny. Likelydande epost er sendt alle som har kontakta oss i samband med denne saka.

– Administrasjonen skal ha ros for å agera når opposisjonen har gjort ein jobb, seier Njåstad til Marsteinen etter at Madsen sin e-post var blitt gjort kjent.