des 202018
 

Åtvarar bilistane mot aggressive køyring: Vidar Mjåtvedt og Svein Storebø i austevollpolitiet.

Politiet meiner det er for mykje aggressiv køyring i Austevoll: Manglande tilpassing av fart og at mange bilistar overser vikeplikta er noko av det trafikkansvarleg Svein Storebø vil til livs.

At det er 80-kilometer i timen-grense på ein veg, betyr det slett ikkje at det alltid er rett å halda ein slik fart. Hugs òg på dei mjuke trafikantane.

– Me har mange stadar langs fylkesvegane der det er naturleg med ei fartstilpassing dersom vegbana til dømes er våt eller det kan vera underkjølt regn, seier Svein Storebø til Marsteinen. Han minner om at det er lurt å setja av buffertid til å nå ferja, slik at ein ikkje må køyra over grensa for å nå avgangen sin.

– Ikkje sett ditt eige eller andre sine liv i fare for å nå ei ferje, oppmodar politibetjent Storebø.

 

Eigen kultur

Lovas lange arm på øyane registrerer vidare at ein god del sjåførar ikkje respekterer forkøyrsretten på fylkesveg med noko lågare standard. Det er for det fryste skilta om du køyrer på forkøyrsvegen, og for det andre må du stogga dersom det ikkje er stipla striper over ut- eller innkøyrselen. Døme må dette kan vera vegen opp frå Rabben hamn til fylkesvegen, eller dei to utkøyrslane ved Dalavegen på Hundvåkøy.

– Det skal ikkje vera slik at ein køyrer på gamal vane. Reglane skal fylgjast i Austevoll, som på fastlandet eller på Stord, poengterer Storebø og kollega Vidar Mjåtvedt.

 

av Trond Hagenes