des 202018
 

Anita Storebø Salthella (26) hadde nyrekapasitet på sju prosent då dei ringte frå sjukehuset. – Då var det berre å komma seg på ferja og det neste flyet til Rikshospitalet.

 

– Oppmodinga mi til alle der ute, er å melda dykk som organdonorar, seier Anita Storebø Salthella (26). I haust vart ho sjølv redda av ein død donor.

Fredag 9. november klokka 18 ringer dei frå sjukehuset til Anita.

Nyrekapasiteten hennar er nede i sju prosent. Dei siste to månadane har ho fått dialysevæske gjennom ein slange operert inn i magen. Anita står i kø for organtransplantasjon. Der har ho stått i ni månader. I snitt ventar folk frå eitt til tre år, ofte lenger.

Fleire i familien har nyleg testa seg, for å sjå om dei matchar, og kan gje Anita den eine nyra si. Berre dagen før var tanta hennar på sjukehuset for vidare utgreiing; det var nettopp klart at ho var kompatibel. Det såg ut som Anita kunne få ei nyre av tante Gyrid! Er det difor sjukehuset ringer no?

Anita tek telefonen. Det er ikkje om tante Gyrid.

– Me har ei nyre til deg i Oslo. Kom deg til Rikshospitalet før midnatt.

Les heile saka i Marsteinen i dag.