des 282018
 

Snøkrabbebåten melde rett før klokka halv to om naud ved Hinlopenstredet på Svalbard. Ingen av dei 14 personane om bord skal vera skada.

I fylgje SYSLA mista mannskapet kontroll over båten under fiske. Vidare skal båten ha drive i land, opp mot isen, og fått ei om lag 20 graders slagside (NRK).

Det bles kraftig i området, men to helikopter er på staden og ventar på å evakuera dei 14 personane om bord, dersom høva tillèt det.

Tek ikkje inn vatn
NRK meldar om at ingen i mannskapet er skada, og at båten ikkje tek inn vatn.

Det er selskapet Opilio AS (eigd av Br. Birkeland) som eig båten.

– Eg snakka med dei som er om bord for ei lita stund sidan. Det står bra til med alle saman etter forholda, sa dagleg leiar i  Opilio AS,  Arne Birkeland til Sysla klokka 14:30.

Av: Severin Tøkje