des 302018
 

– Eg ser ut som ein hundreåring, ja, seier Magnhild Hatlevik når ho ser dette biletet av seg sjølv. – Før var eg heilt mørk i trekka. Det var me i Aga-slekta. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

Magnhild Hatlevik er takksam for å ha vore frisk heile livet. I dag fyller ho hundre år.

– Er det noko du har likt spesielt godt i livet ditt?
– Det må ha vore mannen min, det! Eg likte alt ved han.
Magnhild smiler opp når ho snakkar om Erling Hatlevik. Ho møtte han for fyrste gongen medan ho var hushjelp på Bukkøy sør for Fitjar. Der heldt ho til frå ho var 16 til 18 år.
– Men så reiste eg til Bergen og tente der i nokre år etterpå. Ein dag, heilt tilfeldig, møtte me kvarandre att, midt på torget. Då vart me så paffe, begge to.
Like før krigen braut ut i 1940, gifta paret seg.
– Bryllaupet stod på Vikestøl, og det var ikkje så lite.
Vikestøl er garden der foreldra til Magnhild budde, på Søre Selbjørn.
– Var det dans?
– Dans, ja! Me hadde spelemann frå Fitjarøyane, han spelte trekkspel.
Det er over femti år sidan Magnhild vart enkje. Då sat ho att med fem barn.
– Erling arbeidde som utanriks stuert. Han fekk sukkersykje, og døydde av det då han var 54 år. Eg var 49.

Brus og mjølk
Sjølv har Magnhild aldri reist til utlandet. Men ho har ikkje sete i ro av den grunn. Med venner har ho gått lange fjellturar og reist med Hurtigruta. Dessutan var ho glad i å dansa.
– Eg har alltid vore aktiv, og gått mykje i livet mitt. Til Kongsen gjekk eg ofte heilt åleine, og plukka tytebær som eg laga syltetøy av.
Av mat seier Magnhild ho et det meste. Det er ingenting ho ikkje likar.
– Men kva drikk du?
– Det er mest brus det går på. Brus og mjølk, seier ho og smiler.

Har lese mykje
Magnhild var eldst av dei åtte barna til Alfred og Magda Aga.
– Me budde i Tøkje til eg var ti år. Då flytta me til Vikestølen heilt i sør. Så eg gjekk fyrst på Rabben skule, og så på Gauksheim.
Å skriva stil var noko Magnhild likte, og ho fekk toppkarakteren SG i norsk.
Magnhild har lese mange bøker, og var tidlegare med i ein lesesirkel. Då las gruppa dei same bøkene, og samla seg for å diskutera innhaldet.
Ho må ha hatt litt sansen for tal òg, for i pensjonistlaget var ho lenge kasserar.

Eksplosjonen
– Det var ei fæl ulukke.
Magnhild vert alvorleg når eg spør henne om det som hende på Gauksheim tidleg om våren 1945.
Åtte sysken skulle på brutalt vis bli til sju. Like før frigjeringa, fann fire kameratar frå den vesle bygda ei mine i vasskanten.
– Dei byrja å skuva på henne. Då eksploderte mina. Alle gutane døydde.
Tre av dei var brør. Den fjerde var bror til Magnhild. Olav ville fylt 15 same året.
– Olav vart ikkje konfirmert den våren, seier ho.
– Kva vart gjort etter ulukka?
– Det vart ikkje gjort noko. Det var berre sorg.
Ulukka har prega familien i all ettertid.

Saknar heimen
Svigerinna til Magnhild, Astrid Aga, skildrar ei særs hjelpsam kvinne.
– Då mora Magda vart eldre, bytte døtrene Gudrun, Andrine og Magnhild på å stella henne. Magnhild gjekk frå Bekkjarvik og dei tre kilometra sør til Solvoll for å stella mor si, seier Astrid, som var gift med Reidar.
– Me budde i Lofoten ei tid. Då me flytta ned att, venta me det femte barnet vårt. Magnhild kom og hjelpte meg mykje i heimen.
Apropos heime; det er ikkje lenge sidan Magnhild flytta inn på po-senteret på Storebø. Slik det ofte er når ein vert eldre, var det eit fall som gjorde at ho vart fastbuande her.
– Det er det einaste no, at eg kunne tenkja meg å vera heima i huset mitt i Bekkjarvik, seier 100-åringen og smiler.