jan 042019
 

Dykdalben på Hufthamar gjer det lettare for ferja å leggja til ved støet. Mannskapa ynskjer seg ein slik òg på hi sida av sambandet.

Det er komen forlenging av ferjekaien på Hufthamar. Mannskap frå ferjene som trafikkerer sambandet til Krokeide ynskjer seg ein støttekai, på fagspråket dykdalb, òg på den andre sida.

– Det er særleg ved sterk vind frå aust og søraust det er krevjande å leggja til kai med ei ferje som er så lang som dei me har fått på Hufthamar–Krokeide, seier ein av navigatørane til Marsteinen. Han er redd mangelen på støttekai vil føra med seg kanselleringar som ein elles kunne unngått.

Områdesjef Tor Kristoffersen i Fjord1 seier at reiarlaget fyrst og fremst konsentrerer seg om å gjera ferdig arbeida dei har hatt i gang ved Krokeide.

– No har me òg mellom anna fortøyingsautomat ved ferjeleiet, som gjer at dei lettare held seg ved kai. Me må gjera oss ferdige med desse tiltaka før me vurderer ytterlegare arbeid, seier han til Marsteinen.