jan 102019
 

Når nokon har gjort noko Olav set pris på, seier han «flink gut». – Ein flink gut kan vera både gut og jente. Seier eg det er eg verkeleg imponert, fortel den gamle læraren og skulesjefen. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

Frå ein skrivepult i stova skriv Olav Drivenes (90) om livet sitt og dei rundt seg. Alt tek han frå hugsen.

Olav K. Drivenes er det fulle namnet. Kva står K-en for, lurer du kanskje på?
– Det er berre ein K som vart lagt til for å skilja meg frå dei to andre Olav Drivenes-ane som budde her før i tida. Far heitte Karl Andreas, difor vart det ein K.
Dei tre Olav-ane har utveksla både rekningar og – litt hyggelegare, kan henda – lønsslippar gjennom tida.
Me er i stova hans på Inngjerdet. På heimejorda – her er han fødd, og her har familien og slekta budd i heile hans levetid, og endå lenger tilbake.
Olav er åleine no, på tiande året.
– Kona mi, Inger Johanne, døydde frå meg i 2009. Eg saknar henne, seier Olav roleg.
– Eg er glad det ikkje var teikn til at son vår, Arnstein, skulle døy nokre år seinare. Ho slapp å oppleva å mista han i 2014. Eg trur ho ville teke det særs tungt.

Les heile saka i Marsteinen.