jan 102019
 

– Det var berre på furutrea eg såg det bobla ut skum, seier Åse Hauge. Foto: Åse Hauge. Tekst: May Linn Clement.

– Det bobla skum ut av furutrea. Eg har aldri sett noko slikt før.
Det seier Åse Hauge om synet som møtte henne og hunden på ein tur i skogen på Blåsternes.

– Eg tok bilete av dette og sendte til far min på 87 år. Han hadde heller ikkje sett noko liknande.
I går ringte faren opp att; han las på bt.no om eit anna tilfelle av bobler frå furutre. Charlotte Tveit hadde sett fenomenet i Tveitaskogen på Askøy, og sendte bileta til Skogebrukerforeningen. Der fekk ho svar frå seniorforskar Isabella Børja ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Sjeldan og vanleg
Børja skriv at skum på furustammer er sjeldan og uvanleg, men ikkje farleg. Skumminga skjer oftast etter ei tid med mykje regn. Regnet renn nedover stamma og blandar seg med støvpartiklar og salt. Når det kjem plantesaft (kvae) med låg pH inn i blandinga, vert dette som ei såpe.
– Når den renn nedover stamma blir den «rørt» av den ujamne stammeoverflata og byrjar å danna bobler, slik såpevann gjer når ein rører i det, forklarer Børja.
Ho seier vidare at ein annan mogleg årsak til skummet, kan vera plantesaft i ein gjeringsprosess.
– Gjæring produserer alkohol og gassar og dette kan også sjå ut som skum på overflata. Ingen av desse symptoma er farlige, men uvanlige og spanande å sjå, skriv seniorforskaren, referert i BT.