jan 172019
 

Energi, energi og atter energi – det er ein sprudlande gjeng som skal stå på scena i slutten av mars.

Kultursalen er booka, arrangementet er planlagt, og Queen-songar går som ei enorm lydsky gjennom korridorane på Eidsbøen. Det er tid for ny skulemusikal.

– Drep han med blikket. Du skal vera boom-på! Grip tak i han, og dra han opp. Der ja, kjempebra, seier lærer Astrid Fagerbakke Heggland til Agnes Hagen. Ho spelar den slemme hovudrolla, Killer-Queen. Ho øver på rolla si, der ho gjev klar beskjed til Algemantas Zadvydas, som spelar assistenten hennar, kva ho tenkjer om han. Årets skuleframsyning er basert på musikalen We Will Rock You, skriven av skodespelar og forfattar Ben Elton.

Les heile saka i Marsteinen.