jan 222019
 

 

Bjarte Madsen la fram tilrådinga si for eit ope møte i kantina i kommunehuset.

Trass i at rådmannen meiner at kommunal drift vil gje meir fleksibilitet i organisering og drift av pleie- og omsorgstenestene, konkluderer han med ei løysing der kommunen ber om tilbod på drifta av ei samla pleie- og omsorgsteneste.

 

Ein ny anbodsperiode for pleie- og omsorgstenestene i Austevoll vil kosta vesentleg meir enn dagens ordning. Dette kjem av rådmann Bjarte Madsen sitt saksframlegg til lokalpolitikarane. I 2018 brukte kommunen netto 59,6 millionar kroner på desse tenestene. Skulle kommunen drifta ville kostnaden blitt 7,1 millionar meir. Hovudgrunnen er pensjonen. I saksutgreiinga poengterer administrasjonen at krava til sektoren vil endra seg både når det kjem til innhald og etterspurnad utover 2020-talet. Mellom anna vil kommunane få ansvar for habilitering og rehabilitering, noko som rådmannen reknar med vil føra med seg meir spesialisert drift innanfor helsesektoren.

 

Ny modell

Ein auke av eldre over 80 veks i åra som kjem, men dette behovet for omsorg vil delvis dekkjast inn av at omsorgsbustadane som snart er klare på Prestaneset får bemanning heile døgeret. Dette gjev lågare kostnadar enn institusjonsplassar, som administrasjonen meiner det er forsvarleg å skjera ned til 36 plassar frå 2020. Med bustadane på Prestaneset vert det 20 einingar med 60 rutemeter kvar, og fasilitetar som opnar for tilsyn heile døgeret. Det betyr i klårtekst ein kapasitet på 56 heildøgnsplassar til saman på senteret og på Prestaneset, mot dagens 46. Restkapasiteten på senteret med 16 senger frå 2020, er tenkt til å ta unna etter som talet på sterkt pleietrengjande aukar nærare 2030.

Rådmannen meiner at det ikkje er grunnlag for å berre lysa ut delar av sektoren på anbod. Det vil kunne redusera interessa for å vera med på konkurransen. Han meiner at eventuelle innsparingar på anbod må kunna vektast mot vinsten ein har av å styra alle delar av drifta sjølv. Han konkluderer dermed med at ein skal innhenta tilbod på drifta og vurdera desse med atterhald om at kommunen sjølv skal kunna ta over. Atterhaldet skal vera klart og oppgje tildelingskriterium og vektlegging av desse. Avgjerd om det vert kommunal drift eller ny privat drivar skal fattast i kommunestyret i november i år, om lokalpolitikarane fylgjer tilrådinga som no ligg i bordet.

 

Av Trond Hagenes