jan 242019
 

Med nokre oppdaterte namn: Edvarda Bakke er nummer to i fyrste rekkje frå venstre. Til høgre for henne er Solveig Grunnvoll. Nummer sju i rekkja er Anne Bakke og til høgre for henne sit Hallbjørg Bakke. I stripete kjole står Jenny Gjøvåg Kleppe. Helga Hisøy Står bak henne. Nummer tre ståande er Mikkelina Kleppe. Jette Lauritsen (Telle) var medlem i foreinga. Ho står midt i biletet i prikkete kjole. Utlånt av Jærmuseet. 

Dette fotografiet fann Marsteinen på Digitaltmuseum.no. Medan Jærmuseet opplyser at fotografiet er teke på 1950-talet, trur lokalavisredaksjonen at fotografiet er noko eldre. I bakgrunnen ser me det gamle fyret på Marsteinen. Det vart, slik det framgår av andre kjelder, rive kring 1949 grunna dei store skadane det fekk under krigen.

Marsteinen si nygamle spalte med eldre fotografi vil gjerne ha tips frå dei som kjenner att nokon kvinnene på biletet. Kontaktdetaljane finn du i ramma under.

 

 

 

 

 

Del gamle fotografi – vinn iPad

Marsteinen vil gjerne sjå dine gamle foto. Av dei som kjem på trykk i 2019 trekkjer me ut ein iPad i slutten av desember. Bileta kan vera frå fotografiets barndom til 1980-talet. Det kan vera av bygda di, mannskapet på bestefars fiskebåt, syforeininga, klassebilete, gøy på isen ein vinterdag eller holmatur på 1960-talet.

Ta kontakt med Trond Hagenes på 988 74 253 eller e-post trond.hagenes@marsteinen.no om du har eit foto du kan dela. Me kan henta biletet og skanna det til avisa. Bileta vert òg delte via Marsteinen si nettside.