jan 242019
 

Kenneth Sele vaknar gladeleg opp midt på natta for å brøyta vegane snøfri til morgonen.

Det er ikkje få områder som skal brøytast når snøen fyrst har lagt seg i kommunen.

– I natt byrja me klokka fire og var ferdige åtte på morgonen. Det er mykje arbeid, seier Kenneth Sele som har brøyta sidan 1998. Han har ansvar for at kommunale vegar og plassar, i tillegg til noko privat mellom Nordre Haugland og Haukanes er brøyta og salta til ein kvar tid.

– Jan-Inge Heimark og eg delar på denne ruta. I natt tok han parkeringsplassane, medan eg tok vegane. Berre på Storebøportalen brukte han to timar, fortel Kenneth. Lyktestolpar og andre hindringar gjer dette til ein krevjande plass å skuffa fri for snø.

Tek det viktigaste fyrst

Kontrakten seier at vegane skal vera ferdig brøyta innan klokka sju på morgonen. Kva klokkeslett gjengen på fem er ferdige, kjem an på når det startar å snø.

– Me prioriterer dei viktigaste stadane fyrst. Vegane blir prioritert før skuleplassar, og parkeringsplassane utanfor butikkane blir prioritert før kommunehuset. Butikken opnar sju, dei fleste på kommunehuset er der til halv åtte, seier Kenneth. Han syt alltid for at vegane er fyrst ute, slik at uttrykkingsfartøy skal nå fram.

– Me tek alt så fort me kan, men eg skal ikkje ha på meg at ambulansen ikkje kjem fram på grunn av dårleg føre. Difor vert det prioritert, seier han. Dette gjer at han nokon gongar er nøydd til å stogga med brøytinga ein plass, for så og dra til ein annan stad som hastar meir.

 Lystigare tone frå folket

I fjor fekk brøytemannskapet mykje klagar.

– Slik har det ikkje vore i år. Folk er generelt flinke og har forståing for at me gjer så godt me kan. Du vert prega når folk slengjer med leppa heile tida, seier Kenneth før han går over utstyret og gjer seg klar til ein ny runde i natt.

– Eg veit det kjem. Eg kjenner det på meg, avsluttar han med eit glis.

Severin Tøkje
Journalist,93 49 15 01