jan 252019
 

Edvard Blåsternes er i lære hos Inger Elise Våge, som har vore nótbøtar i 27 år.
(Tekst: May Linn Clement. Foto: Severin Tøkje.)

Nøtene har vekst seg ut av bøtehallen. Men det er lys i enden av året: I november står ein ny bøtehall klar ved Egersund Net på Rabben.

Nót. Ordet er så enkelt. Bruksområdet òg, for den del. Oppdrettsnóta skal fyllast med fisk, og fisken skal ikkje rømma.
Det er mykje pengar i ei nót. Ikkje berre når ho husar fisk for mange millionar. Sjølve nóta er òg av stor verdi. Klart kjem det an på storleiken, men ei flunkande ny nót kostar fort 250 000 kroner. Difor vil eigaren gjerne ta vare på nóta, gje henne stell og pleie, slik at ho varar lengst mogleg.
Det er her Egersund Net på Rabben kjem inn i biletet.

Les heile saka i Marsteinen.