jan 312019
 

Dei lokale sjåførane får Thea Økland til å smila, men Skyss og ruteplanlegginga deira derimot, gjer henne indignert.

Thea Økland gjev Skyss sine nye bussruter det glatte lag. Mangel på korrespondanse på Storebø gjer at ho enten må reisa frå hytta klokka 13, ta drosje eller be vennar om hjelp.

 

Synshemma Thea Økland og førarhunden hennar Teddy har lenge nytta bybussen for å komma seg heim til Åsane. Då får ho hjelp til å skifta buss på Storebø terminal og tilbod om å sitja i bussen under overfarten med ferja. Etter nyttår har bussen frå Kalve via Økland, der ho har hytte, mista to av tre korrespondansar ved Storebø terminal.

– Det dreiar seg berre om nokre minutt kvar gong. Korleis er det mogleg? Trass alt er det berre små justeringar som skal til, seier ho indignert. Resultatet er at ho enten må be om hjelp, eller ta drosje. Ho kan ta snøggbåt, finna fram til ny buss i sentrum og verta meir avhengig av den personlege assistenten sin.

Økland har slett ikkje tenkt å sitja roleg i båten, eller bussen om du vil, etter ruteendringane. Ho har sendt fleire e-postar til Skyss, men reagerer på at ho får luftige og generelle svar attende frå Hordaland fylkeskommune sitt samferdselsselskap.

– Dei skriv berre at dei ikkje kan tilfredsstilla alle reisande sine behov. Men det verkar nesten som om dei trur at bussane og rutene ikkje er til for passasjerane. Kanskje meir omvendt seier ho.

Les heile saka her.