jan 312019
 

PO-tenestene vert ikkje lyst ut på nye anbod, etter at Høgre har konkludert.

Onsdagskvelden konkluderte medlemsmøtet i Austevoll Høgre med at dei vil at kommunen ikkje skal lysa pleie- og omsorg ut på nytt anbod. Dermed er det fleirtal i kommunestyret for at kommunen tek over drifta frå 2020.

 

Leiar i Austevoll Høgre, Bjørn-Ove Dåvøy, stadfestar at Høgre har bestemt seg: Pleie og omsorgstenestene vert atter ein gong drive av kommunen. Når både Høgre og Arbeidarpartiet har bestemt seg, er den vidare politiske handsaminga fram mot kommunestyremøtet i februar å rekna som ein formalitet.

– Fyrst og fremst er medlemmane våre opptekne av kvaliteten på tenestene og den omsorga som skal gjevast til dei som er pleietrengande, seier Dåvøy. Høgreleiaren poengterer vidare at det er viktig å syta for god fagleg rekruttering til tenestene og at både løn og pensjon spelar sterkt inn der.

Nokre av Høgre-medlemmane skal ha ytra ein viss skepsis over tidlegare tiders manglande budsjettdisiplin innanfor pleie- og omsorgssektoren. Dåvøy og medlemmane i partiet har i hovudvekt tiltru til at kommunen sitt fokus på å halda seg innanfor rammene som vert gjeve i desember fylgjer resten av budsjettåret.

Dåvøy melder at Høgre har ynskt å forankra vegvalet sitt djupt i organisasjonen, og har gjennomført møte med tillitsvalde og kommunestyregruppa før gårsdagens medlemsmøte.

– Me ynskjer stabilitet i sektoren framover, sjølv om me ikkje konkret har snakka om noko tidsramme for kor lenge sektoren skal vera rekommunalisert, seier Dåvøy.

Av Trond Hagenes