feb 072019
 

– Kjartan har skrive frå hjarta, og inn i mitt, skriv Trond Hagenes i bokmeldinga.

Bokmelding: Kjartan er best når han er personleg. Han har røtene på dei same øyane som denne lesaren. Bror hans har vore rektor på skulen til son min, eg har beundra hagen kring barndomsheimen hans, eg har vore i den same gravferda som vert så levande omtala i boka: Den til Knut K. Og faren hans har eg vore på nikk med i fleire år. Han som alltid har hatt eit fast blikk, rett kroppshaldning og snert i ganglaget. Den gamle maskinisten. Kva når alt dette forvitrar, og tida har teke grepet om pappa til Kjartan? Når han ikkje lenger er personen som symjande kunne hala snekka med maskinskade med tampen i kjeften inntil bryggja. Når han ikkje klarar å symja i det heile teke lenger …

Les heile bokmeldinga i Marsteinen.