apr 152011
 

I dag er det 70 år sidan dei tre britane kaptein (flight lieutenant) Archibald Edmund Hill, fenrik (pilot officer) Ronald Hector Laurence Cressy, og sersjant George James William Webb vart skotne ned og drepne over Austevoll. Flyet deira, ein tomotors Bristol Blenheim frå Coastal commands 254. skvadron, styrta i Storamyra på Huftarøy, like aust om Drøna.

Marsteinen kjem attende med ei relativt stor sak som kastar lys over kven flygarane var, kven som skaut dei ned og ei skildring av luftkampen. Me manglar enno noko informasjon frå Royal Air Force for at historien skal verta komplett.