feb 142019
 

Frp og KrF hadde fleire innvendingar på saka om å rekommunalisera pleietenestene. Det meste gjekk på dei estimerte utgiftene og innsparingane, som dei meinte var vage. Frå venstre: John Inge Vik, Kai Eliassen, Helge André Njåstad, Kjetil Østervold og Renate Møgster Klepsvik. Tekst og foto: May Linn Clement.

Utfallet var kanskje oppe og avgjort på førehand – ingen av dei 21 representantane skifta side då det etter rundt 2,5 time med debatt skulle fattast vedtak. Undervegs kom det godt grunna framlegg både om å utsetja saka og å nytta deg av det siste opsjonsåret. Ingen kan seia at ikkje Frp og KrF prøvde.

Marsteinen sitt referat frå den populære sak nummer 012/19 (Organisering og drift av pleie- og omsorgstenester i Austevoll kommune) får du i avisa neste veke.