feb 222019
 

Kontraktene med Petrobras har etter planen oppstart i andre kvartal 2019.

DOF sikra ny milliardkontrakt med det brasilianske oljeselskapet Petrobras.

Selskapet har fått treårskontraktar på tre av båtane sine. Totalverdien på kontraktane er heile 1,3 milliardar, kjem det fram i ei pressemelding Marsteinen har motteke.

Skipa som er tildelt kontraktene er «Skandi Commander», «Skandi Olympia» og «Skandi Chieftain».

–  Me er særs nøgde med desse tildelingane som strykar marknadsposisjonen vår i Brasil. Me kombinerer her fartøy- og subseaekspertisen vår på tvers av globale organisasjonar. Dette gjev oss ein fantastisk start på 2019, seier administrerande direktør i DOF, Mons S. Aase i pressemeldinga.

I tillegg til den treårige avtala, kan samarbeidet forlengast i to år.