feb 282019
 

Sjekk ut kva kvart fartøy i havfiskeflåten fiska for i 2018 i avisa i dag. Her steamar «Slaatterøy» på vegen til fiskefeltet.

Høge prisar på makrell og eit brukbart nivå på kolmula gav retteleg gode tal for ringnótflåten i 2018. Om ein ser i reine kroner ligg de fleste fartøy over rekordåret 2011.

 

Salsleiar Kenneth Garvik i Noregs sildesalslag får rettnok ikkje dollarteikn i augo av 2018, men poengterer likevel at markellen gav uventa høge prisar. Dei som har konsesjon for kolmule fekk òg oppleva gode prisar. Det gjeld stort sett over heie fjøla for den austevollske ringnótflåten. Totalverdien av ringnótflåten med H-AV i baugen låg på 1,339 milliardar kroner, som nærmar seg rekordåret i 2011.

Talmaterialet finn du på eAvis