mar 092019
 

Dagleg leiar i Austevoll Husflidslag, Karoline Blix tok stolt i mot den gjeve prisen.

Det var stor glede då varaordførar Anja Heggholmen delte ut den ærefulle prisen i Bekkjarvik i dag.

– Eg er heilt skjelven. Dette var overraskande, seier dagleg leiar i Austevoll Husflidslag Karoline Blix. Ho tok i mot kulturpisen på årsmøtet til Hordaland Husflidslag som vert heldt i Bekkjarvik denne helga.

– I slutten av november ringde Laila Karin Persson Haugland i Austevoll husflidslag til meg. Ho lurte på om eg kunne koma og ynskja velkomen til årsmøtet. Då svarte eg kontant ja. Eg hadde nemleg veldig god grunn til å koma her i dag, seier varaordførar Anja Heggholmen i tala si.

Dagen før telefonen kom hadde nemleg Austevoll Formannskap einstemmig vedteke at kulturprisen 2018 skulle gå til Austevoll Husflidslag.

Viktig for kommunen
For at nokon skal få den gjevefulle prisen må dei bli nominert av folk i lokalmiljøet, før formannskapet fattar ei avgjerd.

– Me snakka om det her for nokre dagar sidan. No synest me at me fortente kulturprisen. Me skjønte ikkje kvifor me ikkje hadde fått den enno, så mykje som me har gjort. I dag kom han, det er ei stor glede, gliser Blix.

I grunngjevinga kom det blant anna fram kor viktig husflidslaget har vore for kommunen dei siste 40-åra. Både ved bunaden dei har laga, kursa dei har heldt og ikkje minst Ung Husflid som har vorte særs populært.

På torsdag kunne du lesa ei stor og innhaldsrik reportasje om husflidslaget i Marsteinen. Les saka her eller på papir.

Prisen skal leiaren markera saman med Hordaland Husflidslag på Bekkjarvik Gjestgiveri, der ho for helga har sikra seg ei suite.