mar 112019
 

Kjem til Bekkjarvik og Kystsogevekene: Trine Rein. Foto: Johs Bøe.

Kystsogevekene får Trine Rein som hovudtrekkplaster. Ho kjem til Løo fredagen midt i august, opplyser Asta Johannessen hos arrangøren.

Det er Trine Rein med ein medmusikar som skal fylla den gamle Løo i Bekkjarvik fredagskvelden på Kystsogevekene, som i år går litt tidlegare av stabelen enn tidlegare.

I ei pressemelding vert det opplyst at Trine Rein makerer 25 år som internasjonal artist i år, og er ein av deltakarane i den åttande sesongen av TV2-suksessen Hver gang vi møtes. I samanheng med programmet på TV2 slepp ho ein ny singel, Where do We Go, som er ein duett med Ole Børud innspet hausten 2018.

Rein fekk gjennombrotet med megahiten Just Missed the Train. På verdsbasis har ho seld over ein million album, ho har gjeve ut seks studioalbum, to livealbum og eit samlealbum.