mar 142019
 

Carsten Sevrøy om bord i «North Sea Giant». Foto: Jane Junger

Austevollsreiarlaget North Sea Offshore har bygd om konstruksjonsskipet sitt «North Sea Giant». No går det dryge skipet med eit hybridsystem.

Det er Wärtsilä på Rubbestadneset som har stått for ettermonteringa.

– Skipet er ferdig godkjent og skal på sin fyrste tur i morgon med ny lokalitet og system, fortel general manager i Wartslia, Sindre Utne. Båten ligg no til kai i Haugesund.

Fartøyet som før var eit av dei mest miljøfoureinande i sitt slag, vert no eit av dei beste i klassen. Skipet har gått ifrå å minimum måtte ha tre dieselgeneratorar i drift til einkvar tid, til eit nytt Wärtsilä system som gjer same operasjon med berre ein diselgenerator i samspel med batteria.

Prosjektteamet til Wärtsilä. Frå venstre: Sigbjørn Almås, Leif Jarle Larsen, Knut Inge Salomonsen, Håkon Grutle (i stolen), Harry Hauge (bak Håkon), Carsten Sevrøy, Torgeir Eikrem. Foto: Jane Junger

– Skipet blir det mest energieffektive og miljøvenlege av sin type, forklarar Utne.

Det er venta at hybridsystemet vil redusera dieselbruken til skipet med to millionar liter kvart år.
Den estimerte utsleppsreduksjonen vil vera 5,5 millionar kilo CO₂, 30 tonn NOx og 1 200 kilo SOx per år.

Finansiert med stønad
Det har vore ein utfordrande prosess for Wärtsilä, då dette aldri har vore gjort på eit fartøy tidlegare.
– Med eit fantastisk godt samarbeid i eit kompetent team har me saman med reiarlaget, DnV GL Group og leverandørar klart det, forklarar Utne.

Reiarlaget har fått stønad frå Enova på over 36 millionar kroner til prosjektet. Foto: Jane Junger