apr 172011
 

Trond Heggestad set 1-0. Aslak Falch i Viking-buret kan lite gjera.

Ein oppløftande fyrsteomgang, der spesielt ein særs kvikk Joakim Melingen markerte seg, var ikkje nok for AIK i dag. Viking utlikna til 2-2 i andreomgongen, og kunne fort ha teke alle tre poenga.

410 betalande tilskodarar trengde ikkje venta lenge før Austevoll tok leiinga i den fyrste andredivsjonskampen på austevollsk jord. AIK braut eit siddisåtak, og Christian Møgster storma avgarde med ballen. Med perfekt timing fann han Trond Heggestad med ein høg og presis pasning. Heggestad gjorde ingen feil mot viking-keeper Falch. 1-0.

Viking utlikna ved Veton Berisha etter 20 minutt. U-16-landslagsspelaren fekk ein litt for lett jobb då han sleit seg forbi AIK-forsvaret.

Likevel var det Joakim Melingens omgang. Hundvåkaren viste gang på gang prov på strålande teknikk og overblikk, og kunne sleppa jubelen laus etter at volleyen hans frå 18 meter fauk inn bak Falch. Stort pluss i margen til Alexander Dale for forspelet til dette målet.

Tamt i andre

Austevoll fekk ikkje spelet til å gli like godt i andreomgangen, og det var bortelaget som kom til flest sjansar. Etter 5 minuttar av omgangen fekk Kristoffer Haugen ei hand på ballen i ein duell med Harald Østervold. Dei fleste dommarar hadde gitt austevollmålvakten frispark, men dagens dommar Petter Kristiansen Toppe var tydelegvis ikkje i denne kategorien. 2-2.

I ein sjansefattig omgang var det på overtid det sjedde. Viking skaut i nettveggen etter at AIK var i ubalanse framover på banen, og ei veldig lang Viking-tå hindra ein heilt anonym Heggetad – som mangla ballar å arbeida med elles i omgangen å koma igjennom.

Totalt sett eit greitt resultat, men måten Viking-målet kom på, gjev nok ein bismak i munnen til dei oransje. Heimelaget verka òg veldig sårbare i luftrommet, spesielt på dødball.

Kampfakta:

Austevoll – Viking II 2-2

Austevoll kunstgras

Mål: 1-0 Trond Heggestad (8), 1-1 Veton Berisha (20), 2-1 Joakim Melingen (27), 2-2 Kristoffer Haugen (50)

AIKs lag (4-4-1-1): Harald Østervold 6 – Øystein Storebø 7, Ansgar Kalvenes 6, Andreas Risøy 5, Tord Harald Skår 6 – Daniel Gall 7, Alexander Dale 7 (Thomas Haugland 86), Kurt Hovland 5 (Håvard Vassnes 72), Christian Møgster 6 – Joakim Melingen 7 BB (Stian Dalseide 77)- Trond Heggestad 7.

Gule kort: Tord Harald Skår, Håvard Vassnes

Joakim Melingen var fyrsteomgangs store profil, og blir her gratulert med 2-1-scoringa av Christian Møgster, Kurt Hovland og Daniel Gall.