mar 162019
 

Ulukke på Søreide. Foto: Austevoll brann- og redningsteneste.

Ein bil køyrte i eit tre ved Søreide, Eido, i dag. Meldiga gjekk ut på at føreren sat fastklemt i bilen, han var ikkje det då brannmannskapa kom fram. Føraren var medviten då naudetatane kom til staden, og vart frakta til Haukeland i ambulanse. Det fortel utrykkingsleiar Kristoffer Mortvedt.
Det var ei tid kø ved området, på fylkesveg 154, men no er vegen open att.