mar 212019
 

Liv Vik og Ingunn Tøkje ved årene! Duoen svinga seg gjennom timen, og likte spesielt godt musikken.

Kva har Beach Boys, Abba og Elvis til felles? Dei er alle på treningane til seniorane.

– Dette er mytteri!

Det er sirkeltrening på Livsstilsenteret, og Astrid Johanne Taranger ber Terje Jarnes om å komma seg av romaskinen. No er det ho som overtek årene. Vegen mellom sveitte og latter er kort. Folk er på trening fordi der vil, ikkje fordi dei må.

Det er ikkje nett vatn Asbjørn Vassnes og Arild Jensen tek over hovuda sine.

Å koma den aller fyrste gongen, var ei kneik. Det fortel Magnhild Grindheim.
– Eg hadde vore sjuk ei stund, og trudde ikkje eg ville klara å byrja trimma igjen.

Det skulle ikkje meir enn éi trening til, så var ho i siget.
– Det var Inger Marie som fekk meg med, seier ho og nikkar mot veninna. Inger Marie Møgster er fast inventar på Storebø-trimmen.

– Har nokon vore vekke to gongar på rad, vil me ringa og høyra om alt er i orden. Me byrjar snart å sakna kvarandre, seier ho.

Les saka på papir eller HER

May Linn Clement
Journalist