mar 262019
 

Det brende enno i einebustaden i Gilsvågen klokka 17:30 tysdagsettermiddagen.

Mannskap frå Austevoll brann- og redningsteneste arbeider i ettermiddag med å sløkkja brannen i eit bustadhus like ved Gilsvågen. Flammane var synlege inne i huset då lokalavisa var på staden klokka 17:30 i ettermiddag.

Operasjonsleiar Per Algerøy fortel at det kom inn melding om brannen klokka 15:48. Det vart meldt om full fyr i huset og gnistar frå ein straumkabel.

– Då brannvesenet kom fram var huset overtent, og seks personar vart evakuerte frå tre andre bustadshus i nabolaget.

Eigaren av huset skal ikkje ha vore heime då brannen braut ut, men i fylgje operasjonsleiaren har dei enno ikkje klart å etablera kontakt med han.