mar 282019
 

Sjarken ”Hevrøy” under innseglinga til Svolvær. – Me fekk 15 sjøvêr i år. Eitt sjøvêr er det same som éin dag på sjøen i ein sjark, forklarar Henrik Hevrøy som er ein av ti i landet som fekk rekrutteringskvote på torsk. Foto: Privat.

Då Emil Økland (23) kom heim frå skreifisket, venta ei rekrutteringskvote på torsk.
– Det er som å vinna i lotto, sjølv om eg må fiska fisken sjølv, seier han til Marsteinen.

– Kva betyr rekrutteringskvota for deg?
– Det betyr at eg kan leva fint av å vera fiskar. Eg treng ikkje bala med så mykje anna, seier Emil, som har søkt om rekrutteringskvote sidan 2014.

Til kvoteutdelinga i år, kom det inn rekordmange 126 søknadar. Som elles er det ti unge fiskarar som får rekrutteringskvote.

Les saka i HER eller i papiravisa.