mar 282019
 

– Kazoo er eit instrument det er veldig lett å spela, men det tek årevis å bli meister, seier Ole Andreas Drønen – kazoomeister. Daniel Tveit Haugland held seg til strengane og munnspelet.

– Heile showet er som ein musikalsk Åndenes makt, der Daniel Tveit Haugland og eg forsøkjer å få Johnny Cash til å tre attende i lyset, seier Ole Andreas Drønen.

Om dryge to veker vonar dei to 27-åringane å fylla Løo i Bekkjarvik med både latter og gjerne nokre tårer. Kanskje ein og annan cowboyhatt også, det har dei sett blant publikum før.
Det er godt over eitt år sidan sist Daniel Tveit Haugland og Ole Andreas Drønen stod på scena saman med Johnny Cash som grunnpilar.

Samarbeidet vart klekt fram under ein fuktig kveld på Leanaustet, slik samarbeid ofte vert.
– Det vert alltid starta 14 nye band etter ein tur på Lea, seier Daniel og smiler.
Konseptet deira er skotsikkert: Daniel speler gitar og munnspel, Ole Andreas spelar kazoo, og begge syng. Mellom songane, kjem Ole Andreas med sjølvsnikra vitsar.

 

Les saka i HER eller i papiravisa.